<  
>  
Stillingsannonse

Forsvarsbygg Vil du jobbe med prosjekt innan eigedom, bygg og anlegg?

Søknadsfrist : 21.05.2024

Stillingsbeskrivelse

Vi skal sjå til at Forsvaret har det dei treng av eigedom, bygg og anlegg i fred, krise og krig. Til det treng vi fleire flinke medarbeidarar, og vi søker no etter ein prosjektleiar som ønsker utfordrande og spennande oppgåver innan eigedom, bygg og anlegg. 

Avdelinga du blir ein del av har som ansvar å forvalte, drifte og vedlikehalde eigedom, bygg og anlegg som Forsvarsdepartementet eig og som Forsvaret leiger.Som prosjektleiar vedlikehald vil hovudoppgåva vere prosjektleiing av tildelte prosjekt innanfor vedlikehald, utvikling og komponentutskifting. Du vil bli ein del av eit lag med 20 prosjektleiarar, der nokre av dei er lokaliserte på Ørland, medan andre er plasserte på ulike stader i regionen. Din nærmaste kollegaer vil derfor omfatte både andre i prosjekteininga, så vel som kollegaer frå andre delar av Forsvarsbygg. Vi ser etter ein lagspelar som ser nytta av godt samarbeid og viktigheita av å bidra til eit godt miljø.

Stillinga rapporterer til leiar for prosjekteininga i regionen. Arbeidsstad vil vere Ørland. Noko reiseverksemd må påreknast. 

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for gjennomføring av tildelte prosjekt innanfor vedlikehald, utvikling og komponentutskifting og brukardefinert utvikling/tilleggstjeneste
  • Leie vedlikehaldsoppdrag og utviklingsprosjekt, irekna dokumentasjonsansvar iht budsjett og tiltaksplanar
  • Sjå til at økonomiske målsettingar blir overhalde, og at alle oppdrag er iht vedtatt HMS/Internkontroll og samordningsansvar
  • Bistå i investeringsprosjekter
  • Koordinere utføringar med andre involverte einingar
  • Ansvarshavande ovanfor offentlege myndigheiter i bygg- og anleggssaker

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som jobbar godt sjølvstendig, og som er opptatt av å drive grundige og profesjonelle prosjekt. Du taklar høgt tempo og ser til at arbeidet ditt blir gjennomført på ein effektiv og strukturert måte. Du er omgjengeleg og har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar. Du er også løysningsorientert, og du har høy gjennomføringsevne. Arbeidsmiljø er viktig for oss, så du må identifisera deg med våre verdiar som er å gi og få tillit, gi og ta ansvar, ha innsikt og utvisa integritet. Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha relevant utdanning på bachelornivå. Søkarar med anna relevant utdanning som 2 årig teknisk fagskule kombinert med relevant prosjekterfaring kan komme i betraktning
  • Det er ønskeleg at du har relevant erfaring frå prosjektleiing
  • Det er ønskeleg at du har erfaring frå offentleg sektor
  • Det er ønskeleg at du har relevant erfaring frå eigedom, bygg og anlegg
  • Det er ønskeleg at du har kjennskap til gjeldande lovverk som plan og bygningslova mv.
  • Det er ønskeleg at du har erfaring med bruk av kontraktsstandardar, eksempelvis NS 8405, 8406 og 8407
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Du må kunne tryggingsklarerast for Hemmeleg/NATO Secret

Kvifor jobbe hjå oss?

I Forsvarsbygg vil du få ein spennande og variert arbeidskvardag med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag der du vil bidra til å bygge forsvarsevne kvar dag. Vi satsar på medarbeidarane våre, vi tilbyr kursing, etter- og vidareutdanning. Vi har ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar. Du har også moglegheit til å vere med i eit bedriftsidrettslag med varierte aktivitetar. Som tilsett hos oss får du medlemskap i Statens pensjonskasse som har ein av dei beste pensjonsordningane i landet med moglegheit for bustadlån og gode forsikringsordningar.

Andre opplysningar

  • Stillinga blir lønna som prosjektleiar (kode 1113) frå kr 692 400,- (lønnstrinn 70) til kr 821 100,- (lønnstrinn 78).
  • Vi ber om at du lastar opp vitnemål og karakterutskrift i søknaden din.
  • Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter søknadsfristen har gått ut. Dersom du ber om å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste må du grunngi dette. Du blir varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge.

Kontaktinformasjon

Bård Atle Haugen, Leder prosjekt, Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: ForsvarsbyggStillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 21.05.2024



Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren

Forsvarsbygg er Norges største offentlige eiendomsaktør. Vi etablerer, opprettholder og gjenoppretter forsvarssektorens eiendom, bygg og anlegg i fred, krise og krig. 

Vi verner om Norge, demokratiet og friheten vår

Forsvarsbyggs historie strekker seg helt tilbake til etableringen av Den Norske Fortifikations-etat på slutten av 1600-tallet. Forsvarsanlegg, festninger og fort har gjennom hele vår historie vært sentrale for forsvaret av Norge.

I dag forvalter vi nesten 13 000 bygg og anlegg der Forsvaret jobber, øver, og bor. For soldaten trenger et hjem. Flyet trenger en base. Ubåten trenger en havn. Stridsvognen trenger et skytefelt. Ringvirkningene av aktivitetene våre treffer innbyggere i hele Norge, både i og utenfor Forsvaret.

Til sammen er vi omlag 2000 ansatte over hele landet der Forsvaret er. Hovedkontoret vårt er i Oslo. Forsvarsbygg er en etat underlagt Forsvarsdepartementet. 

Forsvarsdepartementet er eier og vedtar hvordan forsvarssektorens eiendommer skal brukes og utvikles. Forsvaret er leietaker. De prioriterer og stiller krav ut fra sine behov.

Les mer om Forsvarsbygg

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Søknadsfrist : 21.05.2024

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 20
    2024
    8 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 21
    2024
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 22
    2024
    6 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 23
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 26
    2024
    3 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 27
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
19 ledige stillinger
Traineeprogram
Internship / Praktikanter
Lærlinger

Fakta om Forsvarsbygg